Pottery is Back!

Kurator Gjertrud Steinsvåg

Deltakere: Elisa Helland-Hansen, Gry Ringset, Heidi Bjørgan, Andreas Schneider, Marit Tingleff, Sigrid Espelien, Bjørn Erik Haugen, Eunju Kang, Torunn Måseidvåg, Hanna Björkdahl, Ida O. Barland og Lissette Escobar, Ella-Marie Berglund, Elna Hagemann, Helle Høeg Voldstad, Hedvig Malmbekk Winge, Kjell Rylander, Anette Krogstad, Bodil Mogstad Skipnes, Guri Sandvik, Magni Jensen, Tora Haabet, Victoria Günzler, Ahmad Umar, Nina Malterud, Anne Udnes, Sara Skotte og Anne Line Sund

Kunstnerforbundet gleder seg til utstillingen ”Pottery is back!” som åpner torsdag 14. januar kl. 18. Kurator for utstillingen er Gjertrud Steinsvåg. Hun har markert seg som en toneangivende skribent og kurator de siste årene. Steinsvåg har sin utdannelsesbakgrunn fra Kunsthøgskolen i Oslo (Kunstfag) og Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (Skapende kuratorpraksis). Hun har vært leder for internasjonale prosjekter i Norwegian Crafts og har nylig tiltrådt som programansvarlig ved Kunst og Håndverk på Kunsthøgskolen i Oslo. Steinsvåg er valgt som kurator for årets ”Tendenser” på F15. ”Pottery is back!” er basert på en utlysning om å sende inn forslag til samtidspotter og en juryering av innsendte arbeider. Over 100 søknader kom inn og fra dette materialet er 28 kunstnere utvalgt til å vise sine verk på utstillingen. Utstillingen favner ulike innfallsvinkler til samtidspotter, materialer, bruksting og historien. Utlysningen og utstillingens tittel ”Pottery is back!” inviterer til diskusjon og til å gjøre opp status i et produktivt felt. Bruksverdien har vært et av de store diskusjonstemaene det siste året og ”Pottery is back!” utfordrer denne diskusjonen gjennom utlysning og utstilling. Utstillingen og valget av Steinsvåg som kurator, er ledd i Kunstnerforbundets satsning på presentasjon av norsk kunsthåndverk. Helt fra starten av har «Anvendt kunst» vært en viktig del av Kunstnerforbundets kunstneriske profil. Arnstein Arneberg (1882–1961) var en viktig pådriver i den forbindelse, samt keramikeren Andreas Schneider (1861–1931) som satt i Kunstnerforbundets styre fra 1910. Første utstilling av kunsthåndverk i Kunstnerforbundet var nettopp Schneiders utstilling av keramikk i mars 1911. Schneider var også aktiv i Foreningen for anvendt kunst som holdt utstillinger i Kunstnerforbundet. I februar 1959 fikk brukskunsten egne lokaler i andre etasje i Kunstnerforbundet. Første utstilling var viet Ragnhild Hvalstads keramikk. Bordene som ble brukt til visning av keramikk den gang tas frem igjen som rammeverk for visning av vår tids
keramikk.
Til utstillingen følger en tekst skrevet av kurator Gjertrud Steinsvåg:

POTTERY IS BACK!
Gjertrud Steinsvåg

Kunsthandverket har gjennom dei siste åra levd med ei fornya interesse. Særleg har dette blitt diskutert på tekstilfeltet over ei lengre periode. Ein ser dessutan aukande interesse for leire og keramikk. Omgrep som brukskunst er tilbake i både kunst- og interiørblad utan den same negative ladinga som har regjert sida 70-talet. Då Kunstnerforbundet og kurator Gjertrud Steinsvåg hausten 2015 lyste ut utstillingsplassar til Pottery is Back!, så var det med utgangpunkt i desse observasjonane.

Ein ganske eintydig påstand om at pottery is back, tiltrakk seg 103 søknadar med eit bredt spekter av kunstnariske praksisar. Fleire påstår at pottery never left, og prosjekta er på ingen måte konkrete svar på at pottermakeriet har vore borte og er no tilbake. Kunstnarane assosierer til brukskunst, kunstkeramikken, leira, skulpturen, objektet, og jobbar ut frå ulike estetiske, funksjonelle, politiske, og samfunnsmessige utgangspunkt. 28 kunstnarar er med i utstillinga, og saman viser dei det mangfaldet av reaksjonar på utlysinga.

Kunstnerforbundet har ein over hundre år gamal tradisjon som visningsstad for kunsthandverk/brukskunst/anvendt kunst/material- og mediumbasert kunst – kva enn vi vel å kalle det til ulike tider. Ein viktig pådrivar var keramikaren Andreas Schneider, som satt i Kunstnerforbundet sitt styre frå 1910. Fyrste utstilling av kunsthandverk viste nettopp Schneider sine keramikkarbeid i mars 1911. Det er difor naturleg å ta med Andreas Schneider i utstillinga Pottery is Back! Vi har med eit oljemåleri frå 1900 som er i Kunstnerforbundet si eige, og ein Schneidervase, nyleg kjøpt av ein privatperson på Blomqvist auksjonar.

Marit Tingleff (1954) vil nok ikkje utan vidare seie seg einig i påstanden, for ho har alltid sett til kunsthandverkarane som var med å løfte keramikken inn i kunstscena. Tingleff viser i utstillinga eit arbeid frå 2005 som både reflekterer over førebileta i det ho kallar kunstkeramikken, og ikkje minst minner om hennar eigne standhaftige praksis. Av brukskeramikken kjem ein ikkje utanom Magni Jensen (1953) sine tallerknar og Elisa Helland Hansen (1950), som i følgje seg sjølv har vore sta som eit beist, og tru til bruksgjenstandar, og stiller ut kimchikrukker. Både ho og Nina Malterud (1951) – som Tingleff - stiller kritiske spørsmål til påstanden om at pottery is back. For dei begge har brukskunsten aldri vore borte, og Malterud poengterer korleis brotet med brukskunsten sin ideologi og møtet med industriprodukt laga i lågkostnadsland var ein føresetnad for eit oppegåande kunsthandverk i dag.

Vasar er også med i utstillinga: Anne Lise Sund (1961) sine små brukbare vasar og Gry Ringset (1961) sine skjøre symbol. Om ein ser på den meir designorienterte keramikken, har Sara Skotte (1978) heilt sidan ho var ferdig utdanna i 2005 vist sine arbeider i interiørmagasin og -messer, og viser sin nye serie av potter. Guri Sandvik (1957) er biletkunstnaren som i få år har laga vasar og bruksting, og i dette segmentet finn vi også keramikarane Anne Udnes (1958) og Bodil Skipnes (1949). Sistnemnde har laga ein ny eksklusiv serie av koppar basert på nespressomål, og svarar konkret på forbruksbehovet som kanskje Malterud er inne på.

Torunn Måseidvåg (1969) sine daterte skillingsskåler og Tora Haabet (1965) sine vedbrende arbeid er med. Sigrid Espelien (1984) har laga ein ny gamlebyenbolle, av leire frå gamlebyen og i form av bydelsgrensa sett ovanfrå. Heidi Bjørgan (1970) sin nye objektserie er tydeleg inspirert av George Ohr, medan Kjell Rylander (1964) har laga eit nytt A4 arbeid for utstillinga. Blant den relativt nyutdanna generasjonen finn vi Helle Høeg Voldstad (1989) sin leik med urner, Hedvig Malmbekk Winge (1968) sine papir- og keramikkobjekt, Victoria Günzler (1986) sine tekanner og Anette Krogstad (1984) sine boller. Eunju Kang tek konkret utgangspunkt i keramikaren sin arbeidssituasjon i sine porselensbilete.

Bjørn Erik Haugen (1978) er biletkunstnaren som alltid har ynskje å lage ein mug. Haugen går også inn i keramikaren sin posisjon og siterer Platon om pottemakaren på sin masseproduserte kaffikrus. Elna Hagemann (1976) har dei siste ti åra jobba med video og fotografi, og fotoa i Pottery is Back! representerer hennar eigen retur til bakgrunnen som pottemakar på Vidaråsen, kor det abstrakte materielle innhaldet no i større grad trer fram i bileta.

Så korleis ser framtida ut? Kanskje er studentane i utstillinga med på å forme det: Hanna Björkdahl (1985), Lissette Escobar (1982) og Ida Olesdatter Barland (1989) driver prosjektet keramisk Take Away, og ber publikum sjølve sette pris på dei handlaga koppane, Ella- Marie Berglund (1992) viser tekanner og Ahmad Umar (1988) lagar islamske ”purification sets” slik han hugsar dei frå Sudan.

Det er ikkje tvil om at leiken og refleksjonen rundt kva pottery er uttrykk for i aller høgaste grad forskast på. Pottery is Back! som prosjekt er basert på observasjonen om at kunsthandverket sine verdiar og kvalitetar er høgaktuelle. Vi har søkt etter responsar og fått 26 ulike svar. Viktigare enn å problematisere pottemakeriet og keramikken, peikar kunstnarane i utstillinga på gjeldande verdiar i eit samfunnsperspektiv.

Object 11 (2015) — Heidi Bjørgan
Object 11 (2015) — Heidi Bjørgan
Ceramic vocabulary book pages 3, 5, 7, 18, 21, 23, 25 (2015) — Eunju Kang
Ceramic vocabulary book pages 3, 5, 7, 18, 21, 23, 25 (2015) — Eunju Kang

Motta nyhetsbrev

Nyhetsbrevet sendes ut i forkant av utstillinger, samt ved kunstnersamtaler og andre viktige hendelser.

Personvern