Hanne Nielsen
Vannene omringet mig like til sjelen (2011) — Hanne Nielsen
Så sig tilbake (2011) — Hanne Nielsen
Jeg håpet på lys, men det kom mørke (2011) — Hanne Nielsen
For jeg ventet godt, men det kom ondt (2011) — Hanne Nielsen
Og han stirret ned for sig (2011) — Hanne Nielsen
Tang innhyllet mitt hode (2011) — Hanne Nielsen
Op av brønnen (2010) — Hanne Nielsen
Med jordbek og tjære (2011) — Hanne Nielsen
Da drømte han (2011) — Hanne Nielsen
For av vannet har jeg dradd ham op (2011) — Hanne Nielsen
Skjulte hun ham (2011) — Hanne Nielsen
Med melk og honning (2011) — Hanne Nielsen
Melk og Honning (2011) — Hanne Nielsen
Men dagen efter, da morgenen brøt frem (2011) — Hanne Nielsen
Er jeg min brors vokter? (2011) — Hanne Nielsen
Steg op og steg ned på den (2011) — Hanne Nielsen

Bibelhistorier

Hanne Nielsen er kjend for utsøkt presisjon i maleriet, i koloritt så vel som i figurasjon. Ho har i heile si verksemd relatert seg til kunsthistoria. Denne gongen gjer ho det via dei kjende forteljingane frå Det Gamle Testamentet, slik ho hugsar dei frå barndomens bibelhistorie. Kunstnarar har brukt dette materialet i århundrer, og Nielsen ville undersøke om det er muleg å jobbe med desse forteljingane i dag. Særleg var det gjensynet med Rembrandts raske skisser over temaet, der enklaste linjeføringar på magisk vis får fram dei mest storslåtte tablå, der strek og materie så å seie har fått visjonen implementert i seg, som sette i gang ønsket om å arbeide med dette innhaldet sjølv.

Der dei bibelske legendene breispektra formidlar om menneskelivets drama, speglar og visualiserer Nielsen innhaldet med uventa og personleg grep, utan å gå omvegen om det teatrale. Ho beveger seg frå det enkle, abstrakte mot eit skjeringspunkt der mystikken så å seie tar konkret form. Bildetitlane er setningsfragment frå dei ulike tekstene ho har hatt som utgangspunkt, t.d. Melk og honning, Er jeg min brors vokter? og Vannene omringet mig like til sjelen.

I serien med maleri til denne utstillinga søker Nielsen mot eit opnare og meir direkte uttrykk enn før.

Dette er tredje gong Hanne Nielsen stiller ut i Kunstnerforbundet. Ho har hatt fleire separatutstillingar og vore med på mange kollektivutstillingar i Norge og i utlandet.
Arbeid av Nielsen er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Henie Onstad Kunstsenter, Kunstindustrimuseet m.m.
Gunnhild Bakke

Motta nyhetsbrev

Nyhetsbrevet sendes ut i forkant av utstillinger, samt ved kunstnersamtaler og andre viktige hendelser.

Personvern