Konrad Mehus
Landsby (2011) — Konrad Mehus
Oversiktsbilde fra utstillingen (2012) — Konrad Mehus
Arbeider i sølv (1996) — Konrad Mehus
Norsk folkemedisin; "Valium" (1998) — Konrad Mehus
Paradisjoggerne (1998) — Konrad Mehus
Krona på verket; Fuglerede (2002) — Konrad Mehus
Bill. merk. To rom og kjøkken (oversikt) (2000) — Konrad Mehus
Oversiktsbilde fra utstillingen (2012) — Konrad Mehus
Oversiktsbilde fra utstillingen (2012) — Konrad Mehus

Forteljaren Konrad Mehus.

Sidan slutten av 1960-talet har Konrad Mehus vore ein sentral frontfigur i norsk kunsthandverk.
“Dinnertime”, som han laga i 1974 og som er eit objekt sett saman av eit krystallglas og ein gaffel, blir rekna som eit ikon for si tid. Det illustrerer på ein svært tydeleg måte utviklinga innafor kunsthandverket i etterkrigstida, der kunstnarleg idé og innhald er blitt viktigare enn bruksfunksjon og nytte.
Tilsvarande har smykka hans ofte hatt ein klår brodd mot konvensjonane og verdiane som rår i gullsmedbransjen, og difor har dei fått ein viktig funksjon i etableringa av ei ny forståing av kva smykke kan vera. Som kunstobjekt treng ikkje smykket nøya seg med utelukkande å vera til pynt eller symbolisera velstand og status. Det kan også vera eit middel til kommunikasjon.
Innafor kunsthandverket handlar kommunikasjonen ofte om material, form eller prosess. Ikkje slik hos Konrad Mehus. Med sølv som (hovud)materiale og smykke som medium fortel han historier med sosialt innhald og politisk snert.
Det er eit figurativt språk rikt på metaforar og symbol, Konrad Mehus tar i bruk for å kunna fortelja historiene sine. Også dette valet gjer at han står i ei særstilling blant norske smykkekunstnarar, sjølv om han i seinare år har fått følgje av eit par andre som også nyttar seg av ei figurativ uttrykksform. I det intime formatet som ein brosje er, er det gjennom detaljane historiene utfaldar seg. Ein slik detalj er trafikkskiltet med elgen, eit velkjent syn for dei fleste bilistar i Norge. Det dukkar opp i mange av Mehus sine smykke som eit sentralt symbol for vår tid. Søljer med dingler som etterliknar skrukorkane på Coca Cola-flaskene, fortel på liknande vis om endra forbruksvanar og den internasjonale kulturindustrien si gjennomslagskraft. Men han fortel også andre og meir personlege historier. Serien “Bill.mrk. to rom og kjøkken 1956” med miniatyrskildringar av tidstypiske 1950-tals interiør, vil vekkja gjenkjennande minne hos mange. Samstundes symboliserer dei gjenreisinga etter krigen, der bustadar til alle stod heilt sentralt i Arbeidarpartiet sin velferdspolikk
Hovudpersonen i Konrad Mehus sine forteljingar frå dei siste fire-fem åra er figuren KM. Det er ein figur som har fleire ytre trekk til felles med kunstnaren. Nøkkelordet er såleis portrett. I brosjar som meir og meir har fått karakteren av sjølvstendige miniskulpturar, har han undersøkt kva det vil seia å portrettera seg sjølv eller skildra eit liv. Kva er forholdet mellom kunstnar og verk? Kva kan eit portrett eigentleg fortelja? Kor interessant er ein kunstnars biografi for andre? Det konvensjonelle portrettet er ofte skjønmålande, utglattande og heroiserande, og sjølvportrettet er i tillegg gjerne svært sjølvsentrert. Slik er ikkje portrettet av KM eller Konrad Mehus si utlevering av seg sjølv. Trass i ei svært nærgåande og intim fokusering på KM sin navle i serien “Min navle”, tre kvadratiske brosjar med tre navlar siselert i sølv, så handlar dette om noko anna og meir enn rein fysisk dokumentasjon. Det handlar også om noko meir enn å illustrera eit biografiske fragment av KM sitt liv. På eit metaforisk plan kan nemleg “Min navle” lesast som ein ironisk kommentar til all “navlebeskuelsen” i kunsten generelt og sjølvbiografisjangeren spesielt. Desse brosjane melder klårt ifrå: Her er det ikkje tale om ekspresjonistisk kunst med merksemda utelukkande retta mot eigne kjensler og eige liv. Tvert imot. Konrad Mehus sine “utleveringar” er gjort med humor og varme, men også med ironi og distanse. Det handlar meir om å kommentera fenomen i tida enn om personleg utlevering. Difor kan brosjane som byggjer på avstøypingar av pilleesker, og som ved nærare studium viser seg å vera utskrivne til Mehus personleg, presenterast som “Norsk folkemedisin”. Mogadon, valium, sobril og anabole steroid er medisin han ikkje er åleine om å ta, og slik vitnar dei om at angst og søvnløyse er utbreidde problem. Desse brosjane fortel at individet er ikkje berre spesielt og eineståande, men også innskrive i historia og kulturen. Eller som det heiter i eit klassisk feministisk slagord: Det personlege er politisk.
Å nytta eit edelt metall som sølv til banale motiv som Coca Cola-kapslar, navlar og medisinesker, er usedvanleg. Å fortelja om seg sjølv attpåtil, er ikkje mindre uvanleg for ein smykkekunstnar. Men slik knyter Konrad Mehus band mellom kunst og kvardag og kunst og liv. Band som blir ytterlegare styrkt ved at smykka kan brukast, sjølv om bruksfunksjonen, som tidlegare nemnt, er underordna kunstnarleg idé og uttrykk. Brukaren spelar ei viktig rolle gjennom aktivt å formidla og spreia smykka og deira forteljingar i mange ulike sosiale samanhengar. Gjennom å halda fast ved å laga smykke viser såleis Konrad Mehus at kunsten kan noko anna “enn å sitja på rompa i eit museum”, for å sitera popkunstnaren Claes Oldenburg.

Jorunn Veiteberg

Motta nyhetsbrev

Nyhetsbrevet sendes ut i forkant av utstillinger, samt ved kunstnersamtaler og andre viktige hendelser.

Personvern