Caroline Slotte
Oversiktsbilde fra utstillingen (2014) — Caroline Slotte
Installasjonsfoto bord 1 (2104) — Caroline Slotte
Installasjonsfoto bord 2 (2014) — Caroline Slotte
Installasjonsfoto bord 3 (2014) — Caroline Slotte
From the series Landscape Multiple (2013) — Caroline Slotte
Untitled (2014) — Caroline Slotte
From the series Going Blank Again (2014) — Caroline Slotte
From the series Gone Fishing (2014) — Caroline Slotte

Ting og minne

Det som får oss til å hugsa hendingar, stemningar, menneske og gode som vonde episodar i våre liv, er ofte synet av ein ting som vi kjenner igjen og som vekkjer til live bestemte minne. Sentralt i Slotte si forsking er undersøkinga av tinga sin funksjon som minneberarar. Men slik tinga kan verka på oss, kan vi verka på dei. Med sine medvitne inngrep styrer Slotte tilskodaren si merksemd i bestemte retningar, og skapar med det ei spenning mellom det gjenkjennelege og gåtefulle, det kjente og ukjente.

Det som er nært og daglegdags, er lett å oversjå. Slotte sine undersøkingar handlar også om dette, men merksemda ho gir tinga, utfordrar også på andre plan. Innanfor studiokeramikken har det vore ein tendens til å sjå med avsky på det mangfaldiggjorte og uekte, medan dette er plussverdiar i Slotte sine arbeid. Sett frå kunsten si side tilhøyrer ting og kunst to ulike sfærar, der det å gå opp i ting blir tolka som eit uttrykk for materialisme medan kunsten sin verdi, ideelt sett, er immateriell. Som kunstnar er det Slotte sitt privilegium å kunna flytta tinga frå eit krinslaup til eit anna. Med si omarbeiding løfter ho den verdilause, masseproduserte tallerkenen frå eit liv i slit og skit og gjer han verdifull, unik og privilegert. Tømt for bruksfunksjon, er det lettare å få auga opp for andre element, til dømes bildeinnhaldet. Slotte sine objekt spelar på denne spenninga mellom ting og bilde, materie og meining.

Med eit omgrep lånt frå nyare tenking når det gjeld berekraftig industriproduksjon, kan ein slik bruk av gjenbruksting kallast upcyckling.5 Det representerer ei holdning til valet av material som er både viktig og positiv. Spørsmålet er om det også er tale om eit nostalgisk materiale? Dekkjer bruken av ting frå i går over ei sorg over ein barndom som er ugjenkalleleg slutt? Er dei uttrykk for ein lengsel tilbake til ei anna tid? Spørsmåla kan aldri bli anna enn spekulasjonar over kva som måtte vera Slotte sine djupare psykologiske motiv, for i sjølve verka er det ikkje rom for nostalgiske kjensler. Til det er det gitt for stor plass til det uperfekte: skår og sprekkar, og til humor og ironi som i serien Under Blue Skies. At desse daglegdagse tinga kan vekkja til live alle slags minne hos tilskodaren, opprørande som sentimentale, nostalgiske som produktive, er derimot ei anna sak – utanfor kunstnaren sin kontroll.
(Utdrag frå tekst av Jorunn Veiteberg)

Motta nyhetsbrev

Nyhetsbrevet sendes ut i forkant av utstillinger, samt ved kunstnersamtaler og andre viktige hendelser.

Personvern