get_title(@exhibition)
Oversiktsbilde fra utstillingen (2018) — Munan Øvrelid
Growing old with flowers (2018) — Munan Øvrelid
Alkymistens grådige finger (2018) — Munan Øvrelid
Ugle på teppe (2018) — Munan Øvrelid
Kampen mellom karneval og faste (2018) — Munan Øvrelid
You shall fast but you shall eat, you shall eat the food from above 1 (2018) — Munan Øvrelid
You shall fast but you shall eat, you shall eat the food from above 2 (2018) — Munan Øvrelid
Lutre deg synder jeg ser deg (2018) — Munan Øvrelid
Monocular vision (2018) — Munan Øvrelid
Oversiktsbilde fra utstillingen (2018) — Munan Øvrelid

World, Objects and Drama
Overlyssalen
16.08.–16.09.2018

I ei Arthur C. Clarke forteljing oppdagar dei liv på Venus i form av planter som ser ut som steinar, og då seier hovudpersonen: «Finally, proof that mankind is not alone in the universe.»

Øvrelid jobbar med detaljerte og nitidige studiar av matrestar, skuggar, skal, skjell skada av havforsuring og frodig liv. Samtidig finst der symbol og allegoriar i maleria hans. Appelsiner liknar på sola som gjer dei kraft til å bli søte og saftige frukter, men i Øvrelid sine maleri er der berre appelsin-skrell igjen. På eit persisk teppe med mønster av livets tre sit ein sommarfugl i ein skugge av ein person framfor eit vindauge. Ein blomsterbukett står framfor ein heftig abstraksjon av ein annan blomsterbukett frå ei anna tid og i ein anna stil av Willem de Kooning. Over restar etter eit festmåltid skimtar vi eit skuggespel av figurar frå eit Bruegel-maleri, Kampen mellom karneval og faste.

Mens vi ser mot veggane, plantene og maleria i maleria er det som om vi ikkje er åleine. Der er skuggar av personar, andre tider og frodige rom. Noko er tilstades utan å vera i bileta. Ein kan også få ei kjensle av å bli sett. Auger ser tilbake gjennom venger og fjør og treverk.

Bileta kan minna oss på at vi skal døy, som maleri i stilleben-tradisjonen skal. Dei kan og visa oss at vi ikkje er åleine her på jorda. Vi skal døy ein dag og leva alle andre, i lag med andre vesen og anna liv. Når vi ser skaper vi noko i lag med verda, og kva vi ser er ikkje nødvendigvis gitt på førehånd. Refleksjonar kjem til oss og vi set dei saman til bilete av verda. Ein kan tenkja at verda tenkjer seg sjølv i oss og vi er bevisstheten til verda.

**Munan Øvrelid (f. 1978) bor og jobber i Oslo. Han har en mastergrad fra Kunstakademiet i Trondheim (2006) og jobber i hovedsak med figurativt maleri. Øvrelid har hatt separatutstillinger på visningssteder som Trøndelag senter for samtidskunst (2015), No Place (2015), Tegnerforbundet (2014), Skånes kunstforening (2012) og UKS (2011). Han har i tillegg deltatt på en rekke gruppeutstillinger i inn- og utland, blant annet på Island Oslo (2018), Kunstraum Bethanien, Berlin (2015) Kunstnernes Hus (2014) Galeria Luisa Strina, Sao Paolo (2014), Kunstverein Springhornhof, Neuenkirchen (2013), Malmø Kunsthall (2013).

Utstillingen er støttet av Billedkunstnernes Vederlagsfond og Norsk Kulturåd**

Motta nyhetsbrev

Nyhetsbrevet sendes ut i forkant av utstillinger, samt ved kunstnersamtaler og andre viktige hendelser.

Personvern