Cato Løland
Tandem
Vindussalen og Kabinettet
07.08.—07.09.2025
1. Kva for informasjon finst i dei ytre laga av ting? I ein tynnsliten frottéhandduk, i saltutslaget på ein murvegg, i gulna lakk, i svartbrend bark. Kva hender når blikket treff dei ytre laga av ting, kva er det som oppstår då?
2. I utstillinga si på Kunstnerforbundet visar Cato Løland ein ny serie vegghengte skulpturar, med skjelett av armeringsjern og metallnetting som glimtvis kjem til syne under materiala som dekker dei. Dei kan minne om overdimensjonerte belgkapslar, snitta på langs, slik at ein kan studere innsida. Her finst det ei vilje til å syne fram, kunne ein tenke, men den blir brote av med ei trong til å dekke til. Tekstilbitar heng som slør eller i laser, over formene. Den krumma fasongen gjer at innsida av skulpturane er delvis skuggelagte. Det er ingenting inne i belgane, kunne ein sagt, i alle fall ingen perleforma frukter som ligg klare. Så blir blikket i staden retta mot skalet, mot behaldaren: mot kva behaldaren består av, og kva den likevel rommar.
3. Dei første åra av utdanningsløpet til Cato, studerte han fotografi. Det er ikkje fotografi han jobbar med no, men det hender at han sender meg bilde, av ting han har fått auge på og kjenner seg inspirert av, underlege kvardagsmotiv. To ventilasjonsslangar hengande ut frå eit ope vindauge, som tarmar, parallelle. Ein halvt riven bygard, der det som kjem til syne ikkje er møblar eller ting, men materiala under kledningen – isolasjon og dekkplast som heng i filler frå etasjane. Med blikket byggar han eit arkiv av overflatar og former. Blinkande sjøvatn som skyl inn mot ei bergsprekk, blir eit midlertidig relieff. Ein nedtråkka jordflekk ved eit skogbryn, fotspor fylde opp med mørkt sorpevatn: ei studie i fuktig svart.
4. Ein kunne tenke på skulpturane som ein slags rekonstruksjonar, av flyktige komposisjonar som desse, der enkelte strukturar og fenomen går igjen. Lysspel, mørke. Dekke, klede. Spor. Vatn. Opningar, behaldarar, årer.
5. Eller for å starte i ein annan ende: Cato jobbar med dekonstruert materiale. Metallskjeletta til dei store skulpturane er kledde med oppstykka tøy, papir, plast og folie. Lag på lag. Om ein går nære og leitar, kan ein for eksempel finne den ein gong mjuke, no målingsstive innsida av ein collegegenser. Og jeansstoff, nylon av typen ein brukar til smykkeposar, papir hardna av lim, det framleis synlege stripemønsteret frå eit ribbestrikka plagg. Han samlar på materiale, ofte frå gamle klede. Det er materiala som leiar vegen, kunne ein hevde frå dette perspektivet.
6. Enkelte materiale, planter, strå som veks i vegkanten, for eksempel, veit eg korleis kjennest ut berre ved å sjå på dei. Eg veit korleis dei oppfører seg, kor laust eller hardt korna sit fast i festene sine, kor vidt dei enkelt vil losne om eg pressar dei mellom fingrane og drar. Eg veit korleis det stive skalet til kornet trevlar seg på langs, om eg tyggar på det; inni finst det ein mjølen kjerne. Når eg ser skulpturane til Cato, er det som eg i eit augeblikk veit noko tilsvarande om dei, men så glepp det.
7. Dei belgliknande skulpturane er doble, ei langstrekt form stabla oppå ei anna. Formene er ikkje identiske, men dei er av same art. Festa i kvarandre med armering heng dei så tett at dei somme stader overlappar. Dei delar infrastruktur. Paret, det doble, er eit gjentakande element i Cato sitt kunstnarskap. Ta verksserien Ventilere, som blei vist på Kunstgarasjen i Bergen sommaren 2024 – den bestod òg av doble, langstrekte, og om ein vil, skalliknade former. Men dei formene var konvekst krumma, og vende utsida mot betraktaren. Likevel fekk ein glimt av skulpturen sine indre lag, gjennom halvmåneforma hòl i overflata. No, på Kunstnerforbundet, er det som at verka har snudd magen til, lete seg ytterlegare eksponere.
8. Saman med dei store skulpturane på Kunstnerforbundet, finst det ein serie med mindre verk. Ein kan få føre seg at dei liknar alle slags hole saker: gapande munnar, fiskeskrog, krabbeskjel, berghòler. Dei er laga av denim, Cato har klipt laus lommane frå dongeribukser, fridd dei frå plagget. Ein lomme liknar ikkje berre ein behaldar, den er ein behaldar. Jeanslommane, som har lagt tett inntil nokon sine lysker, som har hatt romsterande fingrar pressande mot stoffet, er no gjort om til vegghengte skulpturar som liksom ser tilbake på oss. Gjennomtrekte av gips har dei blitt eigne kroppar.
Cecilie Almberg Størkson
Cato Løland (f. 1982) bor og arbeider i Bergen. Løland fullførte sin mastergrad ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2009. Han har stilt ut ved blant annet Lundgren Gallery i Palma, Paris Internationale i Paris, Entrée i Bergen, Tekstilindustrimuseet i Salhus, Kunstgarasjen i Bergen og SOFT galleri i Oslo. Han har deltatt i gruppeutstillinger ved institusjoner som Astrup Fearnley Museet, KODE Bergen, Carvalho Park i New York og den internasjonale tekstilbiennalen Contextile i Portugal. Verkene hans er representert i en rekke offentlige samlinger, blant andre Nasjonalmuseet, Astrup Fearnley Museet, KODE, KORO og Universitetsmuseet i Bergen.
Utstillingen har mottatt støtte fra Billedkunstnernes Vederlagsfond (BKV), Kulturrådet og Bergen kommune.